Ingen her har tid til ein mislykka gut

52 2 0
                                    

(skrevet til nynorsk tentamen julen 2017)

«Eg sa det i går og eg seier det igjen. Eg har ikkje lyst til å dra på den festen!»

Joakim sitter på golvet i hybelen. Over han står Eira med armane i kryss og eit leikent smil i munnvikane. Ho har allereie kledd på seg, enda det framdelens er over ein time til festen startar. «Kom igjen!,» seier ho og glisar. «Dette er sjansen din til å skaffe deg ein sosial status. Alle dei kulaste folka skal vere der, eg høyrde nokon seie at det kjem folk frå andre klasse også!» Det er September og ein fest skal arrangerast for alle elevane i fyrste klasse på Kisebærstien vidaregåande skule.

Joakim himlar med auga. «Eg treng ikkje nokon sosial status,» seier han demonstrativt og reiser seg for å dumpe ned i en av dei slitte lenestolane dei fant på eit loppemarket for ein veke sia. «Eg skal berre gå her eit år uansett.» han leggar armane bak hovudet og sukkar når Eira stirrar oppgitt på han. Han veit at ho ikkje vil gje seg, same kva han seier. Ho kunne funne på å dra ham til festen i pysjamasen om det var det om og gjere.

«Eg. Skal. Ikkje. På. Den. Festen.» prøve Joakim overdriven sakte og tydeleg. Eira heve augebryna mot ham og legge armane i kryss. Han innser at han har tapt. «Greitt då,» mumle han og gjer eit stort nummer ut av å trampe ned gangen og inn på badet. Ein vond kjensle byggar seg opp nedst i magen hans med tanke på ein fest og han set seg ned på dasslokket med hovudet i hendene.

Ute er det akkurat kaldt nok til at Joakim angrar på at han ikkje tok på seg ein jakke. Han har dratt hetta over hovudet og hendene er stukke djupt ned i bukselommene. Den vonde kjensla har flytta seg oppover og no kjennast det som om usynlege hender klemmer om halsen hans. Stiletthelene til Eira klikkar og klakkar mot asfalten. Det tynne lyse håret hennas flagrar i den svake vinden. Dei kan høyre den drønnande bassen på mange kvartals avstand.

I det de kommer inn i huset er det som om bassen blir ti gonger høgare og Joakim må motstå lysten til å dekke til øyrane sine. Auga hans flakkar nervøst rundt i det som må vere stua. Det er kvelande varmt og fullt av musikk, øllukt og dansande kroppar.

Fy faen, fy, fy faen. Ingen her har tid til en mislykka dag, synger Hkeem på høgtalarane og Joakims hovud dunkar, det er som om all lufta er oppbrukt han ser seg om, på gutar, på jenter som dansar og ler og drikker sprit og foreldranes kvitvin utan ein einaste bekymring i verda.

Gutane er som hundar, desperate etter oppmerksemd, ville etter validsjon, kjemper de om å få den beste godbiten, den beste jenta. De er overalt, det er som om de voksar, omringar ham og Joakim er berre en liten hare mellom hundanes lange bein, han merker at hjartet slår raskare, det kjennast som om nokon kvelar han og det er vanskeleg å puste. Han snur seg rundt for å seie ifrå til Eira at han drar heim, men han kan ikkje sjå ho nokon plass. Har sikkert forsvunne i mengda med ein eller anna veninne. Han kan kjenne det snører seg i halsen og drar fortvilt hendene gjennom krøllane. Kvifor gjekk han med på dette?

Raskt dyttar han seg bortover mot det som må væra badet i enden av gangen. Han treng å væra aleine. Han opnar døra og oppdagar eit klinande par. Jenta oppdagar Joakim og han hevar augebryna utfordrande mot ho før han går bort til toalettet og begynnar å dra ned glidelåsen på buksa. Ho prikkar guten som er i ferd med å ete andletet hennas på skuldra og dei bevegar seg ut, framleis kyssande. Joakim låser døra og støttar hendene på sidene av vasken. Basslyden er lavar no, berre som ein svak dunking i veggane. Fy faen, fy, fy faen, dette her er budskapet gjennom min sang.

Joakim studerer seg sjølv i baderoms spegelen. Eit blekt fjes stirrar tilbake på ham, innramma av honningfarga krøller. Han pustar kort og fort. Ein pipelyd kjem frå nedrast i halsen.

Auga og nesa prikkar ekkelt og ein einsleg tåre faller ned på den blanke krana. Så faller ein til. Han hadde ikkje tord å fortelje Eira om angsten hans, han var redd ho berre skulle le. No angrar han fælt mens lungene synast og bli mindre og mindre.

Nokon bankar utolmodig på døra og riv han ut av tankegangen. «For faen, da!» roper han gråkvalen ut til kven det nå en er. Tårene renner fortare og han hikstar lavt. Nesa er rød og auga hovne. «Joakim?» høyrar han ein myk stemme seie utanfor døra. Han forsøker å stagge pusten litt før han nølande opnar døra på gløtt. Eira sperrer opp auga da ho ser Joakims røde andlet og smettar inn før ho lukkar døra stille.

«Joakim, kva har skjedd?» spør ho forsiktig og Joakim bit seg i leppa mens pusten bygger seg opp igjen. Fleire tårer faller frå auga hans og han setter seg kraftlaust på dasslokket og legg hovudet i henda. Eira setter seg på kne framfor ham. Ho tar hendene hans i sine egne og ser ham inn i auga. «Pust saman med meg no,» seier ho roleg. «Djupt inn,» Joakim forsøker, men han skjelv og der er vanskeleg. «Kom igjen,» seier Eira, framleis like roleg og mild i stemma. «Inn ... og ut .... Djupt inn ... langsamt ut, det går bra.»

Det tar eit par minuttar, men etter kvart greier Joakim å puste rolegare. «Kor ... korleis,» begynner han stammande. Tårene triller framleis nedover kinnene, men angsten er mindre.

«Systera mi har også angst,» forklarer Eira med eit vennleg smil. «Eg har litt erfaring,»

«Åh ... ok.» er det einaste Joakim får fram. «Eg ... takk.» seier han blygt og ser ned. «Eg beklagar at eg ikkje fortalte deg om angsten min med ein gong.» mumlar han. «Eg var redd for at du berre skulle le av meg.» stemma hans skjelver som eit haustblad i kald vind.

«Joakim,» seier Eira alvorleg og ser inn i de tårevåte auga hans. «Eg ville aldri ledd av deg.»

Noveller og sliktWhere stories live. Discover now