Henrik+Erika=?

7 0 0
                                    

Erika+HENrik=?
Henrik er 23 år. Han bur i ei leiligheit saman med kjærasten, Erika. Han og Erika har vore kjærestar lenge, sidan han var 15 år. Då var Erika 14 år og dei gjekk på same ungdomsskule. Han likar Erika veldig godt, nesten for godt. Eigentleg er Erika det einaste han likar med seg sjølv. Ho gjer han til ein betre versjon av seg sjølv, synest Henrik. Han ser ut som ein heilt vanleg mann på 23 år, han er høg, brunt hår, brune auger og går som regel i hettegensar, dongeribukse og joggesko. Einaste problemet er at han ikkje likar det. Han skulle gjerne ha vore litt lavare, han skulle gjerne hatt litt lengre hår og han skulle gjerne gått i nokon andre kle. Men den han vil vere er det ikkje akseptert å vere, og han skjønar det. Han skjønar det godt, han hadde stussa litt om han møtte ei jente på 1.80, med kort hår og skjegg.

Men i det siste har han brukt å vere på soverommet når Erika ikkje er heime, for der har ho kleda sine og sminka si. Han brukar ikkje det ute blant folk, ikkje framfor Erika ein gong. Tenk om Erika ville skjønne noko, ho ville gått frå han med ein gong om ho skjønte at kjærasten eigentleg var ei jente pakka inn under skjegg og manneparfyme, tenker Henrik. Han får heller skjule det, det er betre det.

Det er fredag kveld, klokka er 19.00 og Erika skal på besøk til nokre venninner. Det skulle vere jentekveld, så Henrik blir igjen heime. Henrik synest eigentleg det er greit for då får han ha litt aleinetid.

Det ringjer på døra "det er nok Adelina, eg skal sitje på med ho til Maria" seier Erika, før ho gir Henrik et kjapt kyss og smett ut døra. Henrik sjekkar mobilen ein gong før han tek eit kjapp dusj. Når han har fått på seg morgonkåpa går han inn på soverommet. Han tek på seg nokon behagelege klede og set seg ved sminkepulten til Erika. Ho har fått innreidd soverommet, fordi Henrik ikkje hadde nokon spesielle meiningar om korleis det skulle vere der inne.

Han opnar øverste skuff og tek opp ein kost, han stryk den forsiktig over andletet. Han startar forsiktig, til slutt er han heilt ferdig sminka. Han reiser seg frå stolen og går til kleskapet. Han tek ut ein kjole, den er nydeleg raud. Han held den framfor seg og trer den over hovudet. Brått høyrer han ein bil i oppkjørselen, han ser ut vindauget. Det er Adelina sin bil!

Henrik spring inn på badet, opnar øverste skuff, der sminkefjernaren ligg. Brukte å ligge. Erika må ha tatt den med seg. Han høyrer stemma hennar nede "eg er heime, Maria vart dårleg så vi drog heim" ropar ho. Henrik har dårleg tid no, han skrur på vasken og byrjar å gnikke vekk sminka. Sakte men sikkert går sminka av, men han har dårleg tid. Erika er på veg opp. Henrik ser seg i den vesle spegelen som ligg på badet, han rakk det. Dørhandtaket går ned. "Oj, det ser ut som vi har noko å prate om" seier Erika. Det tek ei lita stund før Henrik skjønar kva ho meinar, han har fortsatt på seg kjolen! "Det må gå an å bortforklare" tenkjer Henrik.

På veg inn på soverommet forklarer Henrik at han berre ville sjå om han fekk den på seg. "Kanskje eg skal sminke deg og?" seier Erika med ei ertande røyst i det ho går inn på soverommet, "men det ser ut som du allereie har gjort det.." seier Erika og ser litt forvirra ut. "Shit, eg gløymde å rydde opp sminka" mumlar Henrik, "Erika eg lovar at eg skal forklare, men det er vanskeleg og eg skjønar om du vil gjere det slutt med meg." seier Henrik. "Kva meinar du!? Er du homo eller? Har alt berre vore bullshit!?" ropar Erika fortvila. "Nei, så klart har det ikkje vore bullshit" seier Henrik "men ja, eg er på ein måte litt homo." Henrik ser ned i golvet. "På ein måte? Du kan ikkje leike med følelsane til ei jente på denne måten!" ropar Erika. "Eg gjer ikkje det, du skjønar ikkje." Henrik ser Erika i auga og forklarar, "eg er transseksuell.. eg ville ikkje seie noko fordi eg vil ikkje miste deg." Stemninga er lettare. "ville ikkje miste meg?" seier Erika. "Ja, du vil vel gjere det slutt no som du finn ut at eg eigentleg er ei jente, ei transseksuell jente. Ei lesbisk, transseksuell jente" Henrik stirrar i golvet igjen.

Erika tek eit steg fram og tek hendene til Henrik "eg vart forelska i deg, fordi du er snill, du er omsorgsfull og fordi du elskar meg, og fordi eg elskar deg." Henrik løftar blikket igjen "så du vil ikkje slå opp med meg?" spør Henrik. "Sjølvsagt vil eg ikkje slå opp med deg. Eg kan aldri slutte å elske deg." Seier Erika og gir Henrik ein klem.

5 år seinare har Henrik gjennomført kjønnsoperasjon og har fått godkjent kjønnsskifte i folkeregisteret. No bur Hedvig og Erika i eit nyinnflytta hus og har fått sitt første barn. Ein nydeleg gut som dei har valt å kalle Henrik.

Henrik+Erika=?Where stories live. Discover now