-Draumen-

13 2 0
                                        

Ryggen hennar var langt framfor meg. Eg visste jo så klart ikkje kven det var, men eg følgde etter ho. Mørket dansa kring oss. Det lyse håret var nesten forheksande, ho såg ut som ein kongeleg. Men ho hadde filler til klede og gjekk berrføtt. Mørket ville sluke om ho, men det lysande håret hennar kjempa imot. For ein vakker krig det var. Lokkane dansa mellom mørket, og mørket slukte dei varsamt. 

Vent.

Eg kjente det før det skjedde. Noko var gale. I desperat forsøk på å redde jenta strakk eg ut armane mine. Eg strakk dei til eg ikkje kunne lenger. Eg skreik, men eg høyrde ikkje mi eiga stemme. Eg ropte ut namnet hennar, eg visste at eg gjorde det, men stemma mi drukna og blei til ein våt lyd langt vekke. Ho var slukt av mørket. 

Lyset var vekke. Det som var igjen var eit grått, tomt skall. Jenta stod heilt i ro med eit kaldt blikk. Ho snudde seg mot meg. Bevegelsane hennar var kalde, stive, nesten hakkete. Håret hennar var ikkje lenger. Det hadde blitt eitt med mørket. Auga var innsokne og tomme.

"Ren," sa ho med ei hes stemme

Ho smilte, og forsvann.

Brått slo eg opp auga. Kaldsveitte rann nedover ryggen min, og pusten min gjekk vilt. 

"For ein merkeleg draum...Ey, Lynn?"

Eg snudde meg mot venstre. 

"Lynn...?"

Ho var ikkje der.

Dødens KjærleikCerita yang buat anda obses. Terokai sekarang